Informasjon til foreldre om trening og korontiltak

Kjære foreldre,

No er tida endeleg komen der vi kan ynskje borna dykkar velkomne tilbake til turntrening. For å gjennomføre treningar er vi forplikta til å følge retningslinjene for smittevern frå Norges Idrettsforbund og dei spesifikke retningslinjene for turn frå Norges Gymnastikk- og Turnforbund. Treningane vil ikkje bli heilt som før med omsyn til størrelse på grupper, lengde på trening og type aktivitetar, men vi skal gjere vårt beste for at alle fortsatt synest det er gøy med turn!

For å planlegge vegen vidare er vi heilt avhengig av å vite kor mange som ynskjer å nytte seg av treningstilbodet. Vi ber derfor om at alle gir tilbakemelding til sin trenar gjennom Spond om dei ynskjer å delta. Dette kan gjerast ved å svare i kommentarfeltet under eller sende ei privat melding i Spond.

Vi ber om tilbakemelding innan utgangen av fredag 15.mai.

Mvh Styret IL Hødd Turn

leiar.hoddturn@gmail.com